Agnavika badeplass · Stanghelle
Sauna på badeplassen, heile året
Sjølvbetent og vedfyrt, med plass til tolv. Stanghelle IL eig og driv saunaen, og overskotet går til frivillig arbeid og lokale tiltak i bygda.

Kven blir med?
Vel kor mange de er, så ser du kva kvar økt kostar for dykk. Barn betaler mindre.
2 vaksne · med ved
Hentar økter …
Heile året
Lyst og mørkt i Agnavika
Ved vintersolkverv er det lyst frå ca. kl. 08.44 til 16.25. Då går 4 av 6 økter ein måndag heilt eller delvis i mørket. Saunaen er open heile året. Kvar økt i bookinga seier om det er lyst ute, om det mørknar undervegs, eller om det er mørkt.
Prisen følgjer veden
Om morgonen er saunaen kald etter natta, og du brukar meir ved på å fyra opp. Difor er morgonøkta lengst og rimelegast.
| Prisnivå | Når | Lengd | Vaksen | Barn |
|---|---|---|---|---|
| Morgonpris | Måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.00 | 3 timar | 70 kr | 50 kr |
| Dagpris | Måndag–fredag kl. 11.00–21.00Laurdag og sundag kl. 06.00–11.00 | 2 eller 3 timar | 110 kr | 80 kr |
| Helgepris | Laurdag og sundag kl. 11.00–21.00 | 2 timar | 140 kr | 100 kr |
Ved kjem i tillegg. Ta med eigen, eller kjøp ved for 120 kr når du bookar. Eit klipp kostar ca. 78 kr. Det lønner seg på økter med dagpris og helgepris. Med morgonpris er enkeltbilletten rimelegast.

Inne
Benkar for tolv, vedomn og eit omkledningsrom
Ei enkel oppleving med reint, friskt sjøvatn rett utanfor. Det er ikkje dusj.
- BookVel økt og kor mange de er.
- Lås oppKoden kjem etter betalinga.
- Fyr oppTida det tek, er rekna inn i økta.
- Bad og ryddSvabra golvet og lås att når de går.
Frå 16 år kan du koma åleine. Under 16 år er du med ein vaksen over 18.
«Eit samlingspunkt ved sjøkanten, der folk kan kome saman for å finne ro, styrkje gamle vennskap og knyte nye band.»

Saunaen opna i januar 2025. Stanghelle Idrettslag driv han som eit ideelt tiltak, til beste for heile Stanghelle-samfunnet.
Takk til Sparebanken Vest, som gjorde Stanghelle Sauna mogleg.
Spørsmål
- Er saunaen varm når eg kjem?
- Nei. Saunaen er sjølvbetent, og du fyrer han opp sjølv. Det held kostnadene nede.
- Kor lenge varer ei økt?
- To timar. Øktene måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.00, og laurdag og sundag kl. 06.00–09.00 er tre timar. Tida du brukar på å fyra opp, er rekna med.
- Kan me ha saunaen for oss sjølve?
- Ja. Book alle tolv plassane på same økt. Me tilrår å kjøpa eit 12-klipp og bruka alle klippa på éi bestilling: då kostar heile saunaen 950 kr. Tolv enkeltbillettar kostar 1 320 kr med dagpris.
- Eg har booka, men fekk ikkje koden.
- Sjå i søppelpostmappa først. Koden står òg på Mi side hos Periode. Finn du han ikkje, skriv til post@stanghelleil.com med bookingnummeret, så sender me ein ny.
Agnavika badeplass · Stanghelle
Sauna på badeplassen, heile året
Sjølvbetent og vedfyrt, med plass til tolv.
Kven blir med?
2 vaksne · med ved
Hentar økter …
Heile året
Lyst og mørkt i Agnavika
- januar: Lyst ca. 08.35–16.57
- februar: Lyst ca. 07.33–18.09
- mars: Lyst ca. 06.12–19.19
- april: Lyst ca. 05.31–21.41
- mai: Lyst ca. 03.49–23.17
- juni: Lyst ca. 02.01–01.13
- juli: Lyst ca. 03.10–00.15
- august: Lyst ca. 04.55–22.28
- september: Lyst ca. 06.20–20.44
- oktober: Lyst ca. 07.33–19.11
- november: Lyst ca. 07.47–16.55
- desember: Lyst ca. 08.40–16.24
Ved vintersolkverv er det lyst frå ca. kl. 08.44 til 16.25. Då går 4 av 6 økter ein måndag heilt eller delvis i mørket. Saunaen er open heile året. Kvar økt i bookinga seier om det er lyst ute, om det mørknar undervegs, eller om det er mørkt.
Rekna frå kor høgt sola står over Agnavika: lyst er til ho er 6° under horisonten. Fjella kan skugga for sola lenge før.
Prisen følgjer veden
Om morgonen er saunaen kald etter natta, og du brukar meir ved på å fyra opp. Difor er morgonøkta lengst og rimelegast.
Morgonpris
Måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.003 timar- Vaksen
- 70 kr
- Barn
- 50 kr
Dagpris
Måndag–fredag kl. 11.00–21.00Laurdag og sundag kl. 06.00–11.002 eller 3 timar- Vaksen
- 110 kr
- Barn
- 80 kr
Helgepris
Laurdag og sundag kl. 11.00–21.002 timar- Vaksen
- 140 kr
- Barn
- 100 kr
Ved kjem i tillegg. Ta med eigen, eller kjøp ved for 120 kr når du bookar. Eit klipp kostar ca. 78 kr. Det lønner seg på økter med dagpris og helgepris. Med morgonpris er enkeltbilletten rimelegast.
Inne
Benkar for tolv, vedomn og eit omkledningsrom
Ei enkel oppleving med reint, friskt sjøvatn rett utanfor. Det er ikkje dusj.
«Eit samlingspunkt ved sjøkanten, der folk kan kome saman for å finne ro, styrkje gamle vennskap og knyte nye band.»

Saunaen opna i januar 2025. Stanghelle Idrettslag driv han som eit ideelt tiltak, til beste for heile Stanghelle-samfunnet.
Takk til Sparebanken Vest, som gjorde Stanghelle Sauna mogleg.
Spørsmål
Slik går det føre seg
- Book. Vel økt og kor mange de er. Kjøp ved om de ikkje har med.
- Lås opp. Etter betalinga får du ein kode. Han opnar den digitale hengelåsen på ytterdøra. La låsen henga open medan de er inne.
- Fyr opp. Saunaen er kald når du kjem, og du fyrer sjølv. Tida det tek å fyra opp, er rekna inn i økta.
- Bad. Kjøl deg ned i sjøen. Det er omkledningsrom, men ikkje dusj.
- Rydd. Svabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkene. Grønsåpe og nal står klar.
- Lås att. Lås saunaen med hengelåsen når de går.
Frå 16 år kan du koma åleine. Under 16 år er du med ein vaksen over 18.
Er saunaen varm når eg kjem?
Nei. Saunaen er sjølvbetent, og du fyrer han opp sjølv. Det held kostnadene nede.
Kor lenge varer ei økt?
To timar. Øktene måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.00, og laurdag og sundag kl. 06.00–09.00 er tre timar. Tida du brukar på å fyra opp, er rekna med.
Kan me ha saunaen for oss sjølve?
Ja. Book alle tolv plassane på same økt. Me tilrår å kjøpa eit 12-klipp og bruka alle klippa på éi bestilling: då kostar heile saunaen 950 kr. Tolv enkeltbillettar kostar 1 320 kr med dagpris.
Eg har booka, men fekk ikkje koden.
Sjå i søppelpostmappa først. Koden står òg på Mi side hos Periode. Finn du han ikkje, skriv til post@stanghelleil.com med bookingnummeret, så sender me ein ny.

Finn fram
Sjå dykk på badeplassen
Agnavika badeplassNeset 12, 5724 StanghelleSaunaen står på badeplassen i Agnavika, ved Veafjorden.
Opningstid
- Måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–21.00
- Torsdag kl. 11.00–21.00
- Laurdag og sundag kl. 06.00–21.00
